Brukarnamn og passord

Som elev nyttar du det same brukarnamnet og passordet i alle systema til skulen.

Ny elev

Som ny elev skal du ha motteke ein SMS frå Rogland fylkeskommune med instruksjonar om korleis du opprettar ein brukar. Når du har gjort det skal du ha motteke ein SMS med ditt brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har fått det, må du ta kontakt med IT.

Endre passord

Du kan endre passordet ditt på minkonto.rogfk.no, om du ønsker det. Pass på å følge passordreglene som vert vist på sida.

Gløymt passord

Har du gløymt passordet ditt kan du få tilsendt eit nytt passord på glemtpassord.rogfk.no. Passordet vert sendt via SMS, så pass på at systemet har korrekt telefonnummer.

Etterpå kan du endre passordet til noko du hugsar, dersom du ønsker det.

Får du det likevel ikkje til kan og IT hjelpe deg med nytt passord.