Endre telefonnummer

Dersom skulen har registrert feil telefonnummer til deg, må du sjølv rette det.

Du endrar telefonnummeret som er registrert på deg på Visma InSchool.

Det er viktig at du passar på at rett nummer er registrert, slik at du kan motta meldingar frå skulen via SMS. Viktige varsel kan og komme i den kanalen. I tillegg vert SMS nytta til å sende deg eit nytt passord dersom du skulle ha gløymt det.