Lærebøker

Som elev ved Sauda vidaregåande skule får du kvart skuleår låne dei lærebøkene du treng for å følge undervisninga.

Du er likevel pliktig til å ta godt vare på bøkene, og eventuelt erstatte dei dersom bøker vert øydelagt eller mista.

Du har rett på å få lærebøker på ditt valde hovudmål, men me ber om forståing for at det kan vere vanskeleg å få tak i nokre eldre lærebøker.

Når du byrjar som elev ved skulen må du (og eventuelt ein føresett dersom du er under 18 år) ha godkjent avtala for lån av lærebøker der du mellom anna seier deg einig i erstatningsansvar for bøkene du får låne. Det skjer når du opprettar ein brukarkonto. Utlånsreglementet for skulebøker er felles for alle skulane i fylkeskommunen.

Under utleveringa av lærebøkene vert bøkene som du låner registrert på deg. Det er dei eksemplara som er registrert på deg som du er ansvarleg for.

Du må ta godt vare på bøkene du får låne – legge bokbre på dei og skrive namn, klasse og skuleår i boka (helst med blyant). Det siste er for å gjere det enklare for deg å sjekke at det faktisk er di bok du tar med deg. Me kan uansett sjekke om det er di bok eller ei.

Bøker som manglar/er øydelagde etter siste offisielle skuledag før sommarferien må erstattast.