Elevkveld på Alfred

Tysdagar frå 19 til 22 kan du verte med på elevkveld på Alfred i Sauda sentrum. Elevkveldane er eit gratis tilbod til alle elevar. Det vert servert litt heimelaga mat kvar gong.

 

På kveldane kan du prate med dine medelevar, spele spel og slappe av. Det er alltid god stemning.

Kveldane vert annonsert på skulen sine Facebooksider.

Alfred finn du midt i sentrum, i Mogata 3, tverrgata som går utanfor nordinngangen til Kiwi, same gate som Betel.