Friminutt

Du treng ikkje sitte inne i klasserommet i friminutta. Det er forskjellige ting å ta seg til rundt om på avdelingane.

Tider

Det er litt forskjell på når du har friminutt etter kva klasse du går i og kva avdeling du er på. Dei fleste friminutt er 5–10 minutt lange, utanom matpausen som er på 30 minutt (11:30–12:00).

Avdeling Lofthus

På avdelinga på Lofthus er det sittegrupper, bord og stolar på forskjellige stader i bygget. Særleg er det å finne ved kantina, samt i og utanfor biblioteket.

Det står eit par piano rundt om i gangane. Det er helst det som står i kantineområdet som er aktuelt å spele på.

I kjellaren er den tidlegare garderoben gjort om til eit elevrom. Der finn du to bordtennisbord, eitt bordfotballbord, eitt airhockeybord og eitt biljardbord. For å få utstyr til å spele biljard må du kvittere det ut frå resepsjonen. Det er og sett opp ein golfsimulator.

I same rommet er det og sofaar, stolar og fjernsyn.

På sørsida av bygget finn du eit amfi, benker, ein trampoline, ein sandvolleybane og ein fotball/basketbane. Nedanfor amfiet er det og ei basketkorg.

På nordsida av bygget er det ein sandvolleybane.

Avdeling Birkeland

På avdeling Birkeland står det stolar og bord i pauseområdet.

Avdeling Sand

På avdeling Sand finn du eitt piano, og to bordtennisbord. Pianoet står ved kjemirommet. Eit av bordtennisborda står ved kantina, det andre står mot fjorden i same del av bygget. Det er og bord, stolar og sofaar rundt om i bygget. Utanfor er det sett ut benkar.