Brannrutine

Veit du kva du skal gjere om du oppdagar brann, eller når brannalarmen går? Det kan vere lurt å setje seg inn i det på førehand.

Gjer deg kjent med

  • Kor du finn næraste nødutgang
  • Kor du finn næraste brannvarslingsknapp

Når brannalarmen går

Følj instruksjonane til læraren din og eventuelt områdeansvarlege i oransje vestar eller andre tilsette.

I utgangspunktet skal du gå roleg ut næraste nødutgang. Dersom det er eit deksel som å fjernast/knusast for å opne døra, skal du gjere det. Ikkje ta med deg noko. Hugs at du ikkje må gå gjennom røyk. Du må evakuere sjølv om du sit midt i ein prøve eller eksamen.

Når du kjem ut må du med ein gong gå til oppmøteplassen og stille deg saman med læraren din og resten av klassen. Pass på at du ikkje sperrar vegen for brannvesenet.

Oppmøteplass

  • Lofthus: På parkeringsplassen på forsida av bygget. Kva utdanningsprogram du tek bestemmer kor din klasse skal stå:
    • Studie­spesialisering og tilpassa opplæring: Parkeringsplassen nærast elva
    • Idrettsfag, helse- og oppvekstfag: Parkeringsplassen i midten
    • Teknikk og industriell produksjon, elektrofag og transport og logistikk: Parkeringsplassen nærast hovudvegen
  • Birkeland: På parkeringsplassen
  • Sand: På grusbanen
  • Campus: Ved bodanlegget

Om du oppdagar brann

Varsle ein lærar/tilsett eller trykk på næraste brannvarslingsknapp.