Helsing frå rektor

Kjære elev ved Sauda vidaregåande skule!

Det er svært kjekt å kunna ønska deg velkommen til den vidaregåande skulen i Indre Ryfylke. Skulen vår er ikkje den største i Rogaland, med ca. 450 elevar, men me har eit stort og variert linjetilbod som dekker dei fleste ønske og behov hos ungdommane.

Som skule, regionalt kompetansesenter og vaksenopplæringssenter i Indre Ryfylke har me eit flott samfunnsoppdrag. Me skal opne dører mot verda og framtida for elevane, arbeidslivet og samfunnet i regionen.

God opplæring der elevane trivst og lukkast med utdanninga er viktig for oss. Me skal vere ein god skule for både ungdommar frå Indre Ryfylke og tilreisande elevar.

Skulen skal også tilføre arbeidslivet i regionen nødvendig kompetanse og bidra til utvikling i samfunnet. Utvikling krev kompetanse. Derfor må skulen vere blant dei som går først i toget.

Med helsing

Dag Bjønnes
rektor