Skulen si historie

Sauda vidaregåande skule har historie heilt tilbake til 1918, og har gjennom fleire samanslåingar og utvidingar blitt den skulen den er i dag.

I 1989 vart Sauda videregående skole frå 1918 og Yrkesskulen i Saudasjøen frå 1946 slått saman til ein kombinert skule og flytta inn i eit moderne og funksjonelt nybygg, det som no er hovudavdelinga til skulen.

I 1993 fekk skulen nytt skulebygg, avdeling Birkeland på staden med same namn, der landslinje for yrkessjåfør og etter kvart og transportfag held til.

I 1999 fusjonerte tidlegare Suldal vidaregåande skule med Sauda vidaregåande skule, som avdeling Sand. Det vidaregåande skuletilbodet i indre Ryfylke vart såleis samla under Sauda vidaregåande skule.

I 2002 fekk og avdeling Sand sitt nybygg. Bygget fekk byggeskikkprisen av Suldal kommune. I nært samarbeid med Norges Volleyballforbund og Suldal kommune fekk skulen tildelt ToppVolley Norge, som i 2019 tel 75 elevar og om lag 30 årsverk. Tilbodet som starta opp i 2004 har vore av stor verdi for skulen både for rekruttering av elevar og arbeidsplassar.

I 2009 opna hovudskulen sitt tilbygg for tilrettelagt avdeling, samt helse- og sosialfag (nå helse- og oppvekstfag).

I 2011 vart ny sandhall på avdeling Sand innvigd, den første i sitt slag i Norge. Dette har ført til ytterlegare auka søking til ToppVolley Norge.  

Med dei gode fysiske tilhøva har skulen dei siste 30 åra utvikla ei rekke nisjetilbod i tillegg til seks ulike utdanningsprogram som tel om lag 400 elevar i 2019. Vaksenopplæring har og vore ein viktig del av studietilbodet ved skulen, først gjennom Rogaland kurs og kompetansesenter, RKK, og seinare gjennom Utdanning i Ryfylke, UiR.

Litteratur

Skulle du ha eit ønske om å lese meir om i historia til skulen, har det vorte gitt ut tre bøker om den:

 

Torgeir Vetti. Soga om Sauda vidaregåande skole 1918–1989. Frå privatskule for dei få til offentleg skulerett for alle. - Klikk for stort bilete

Soga om Sauda vidaregåande skole 1918-1989
Torgeir Vetti
1993

 

Forsida til Soga om yrkesskulen i Saudasjøen - Klikk for stort bilete

Soga om Yrkesskulen i Saudasjøen 1946-1989
Torgeir Vetti
2002

 

Forsida til Soga om Ryfylke Arbeidsskule - Klikk for stort bilete

Soga om Ryfylke arbeidsskule
Ingvar Olimstad
2009

Hugs at dette er lokallitteratur, og nok kan vere vanskeleg å finne utanfor Sauda og Suldal.