Visjon og verdiar

Skulen skal gi elevane tett oppfølging og eit fagleg godt utdanningstilbod, og vere kjent for gode skreddarsydde løysingar, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø blant elevar og tilsette.

Skulen skal vere eit regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke, og representere fylkeskommunen i regionen.

Tett samarbeid med både offentlege verksemder og regionalt næringsliv er ønskeleg.

Som regional utviklingsaktør har skulen som mål å skape gode arenaer for utdanning og utvikling.

Visjonen til skulen er «Me vil meir».

Til toppen