Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Du kan gjere ein stor og viktig forskjell som barne- og ungdomsarbeidar for barn og unge sin oppvekst og framtid – ein superviktig jobb!

Gjennom utdanninga di på Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag i Sauda får du kunnskap og erfaring, slik at du kan bli den beste vaksne for barn og unge.

Skuledagane inneheld variasjon mellom teoretiske- og praktiske oppgåver. Du vil få opplæring i og prøve ut pedagogiske aktivitetar som kan nyttast i barnehage og skule.

Du får praksis både i barnehage og barneskule, for å prøve ut ulike aldersgrupper og finne kva som passar best som arbeidsplass for deg i framtida. Me har godt samarbeid med praksisplassar i kommunane Sauda og Suldal. Dei aller fleste som ønsker det får og tilbod om å verte lærling.

Generell studiekompetanse kan du få ved påbygg etter Vg2 eller læretid, for å gå vidare på høgare utdanningar som mellom anna barnehagelærar og lærar. Ei fagutdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget gir eit godt grunnlag for høgare utdanning med fagfelt innan barn og unge.

Gjer ein stor forskjell! Bli barne- og ungdomsarbeidar!

To elevar lager dokketeater på eit bord. Ein blå duk fungerer som ei elv, med ei pappbru over. Elevane held figurar av tre geiter og eit troll. I bakgrunnen er ein flanellograf. - Klikk for stort bileteElevar lagar dokketeater av Bukkene Bruse Anne Solbakken

Meir informasjon om barne- og ungdomsarbeidarfag