Idrettsfag Fjellsport

Vil du ha ein aktiv kvardag? Likar du å vere på tur? Likar du friluftsliv? Har du lyst på flotte, sosiale turopplevingar saman med andre? Då kan Villmarkslinja i Sauda vere eit tilbod for deg.

Går du for studiekompetanse? Likar du idrett? Ønsker du ein aktiv skulekvardag? Har du lyst på flotte, sosiale turopplevingar saman med andre? Då er Idrettsfag Fjellsport eit tilbod som kan passa deg.

I tillegg til mange turar, kurs og fag som er vinkla inn mot fjellsport, er det og vanleg idrettsundervisning på skulen og i Saudahallen. Etter endt utdanning oppnår du generell studiekompetanse.

Kvifor velje Idrettsfag Fjellsport?

Kvifor velje Idrettsfag Fjellsport?

Innhald:

  • Generell studiekompetanse
  • Programfaga aktivitetslære, breiddeidrett, treningslære, treningsleiing og idrett og samfunn
  • Freeski park- og frikøyring
  • Toppturar
  • Klatring
  • Stisykling
  • Kano i Suldalslågen
  • Kiting
  • Friluftslivsaktiviteter
  • Skredopplæring

Eksempel på turar me reiser på:

  • Norsjø kabelpark (vannski/wakeboard)
  • Nesbyen (sti/downhillsykling)
  • Rush trampolinepark
  • Voss eller Hovden (freeski/topptur)
  • Haukeli (kiting/topptur/snøhule/hundekøyring)
  • Ekspedisjon i 3.klasse (elevane er med å planlegg innhald på turen)

Søke skuleplass

Første året  – Vg1

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk du ønsker.

Det er 35 timar undervisning i veka, der 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag.

To elevar på brevandring - Klikk for stort bilete

Andre året – Vg2

På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1. 

Det er 35 timar undervisning i veka, der 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag.

Tredje året – Vg3

På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2.  

Det er 35 timar undervisning i veka, der 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag.

Kanotur i solnedgang - Klikk for stort bilete