Idrettsfag med Villmarksliv

Vil du ha ein aktiv kvardag? Likar du å vere på tur? Likar du friluftsliv? Har du lyst på flotte, sosiale turopplevingar saman med andre? Då kan Villmarkslinja i Sauda vere eit tilbod for deg.

To elevar på brevandring - Klikk for stort bilete

I tillegg til mange turar, kurs og fag som er vinkla inn mot villmarksliv, føregår det og vanleg idrettsundervisning på skulen og i Saudahallen. Etter endt utdanning har du mellom anna generell studiekompetanse.

Villmarkslinja si Facebookside kan du sjå kva skuledagen går i.

Kvifor velje Idrettsfag med Villmarksliv?

Du får

  • generell studiekompetanse
  • kombinere fritidsinteressa di med utdanning
  • brattkort (klatring)
  • kitekurs
  • breopplæring
  • kanokurs
  • skredopplæring

Du får oppleve

  • ekspedisjon
  • kiting
  • brevandring
  • klatring
  • kano
  • fiske
  • hundekøyring
  • toppturar
  • snøhuleturar
  • teltturar
  • Folgefonna, Jotunheimen, Rosendalsalpene og fjellregionen nord i Rogaland 

Søke skuleplass

Første året  – Vg1

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk du ønsker.

Det er 35 timar undervisning i veka, der 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag.

Andre året – Vg2

På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1. 

Det er 35 timar undervisning i veka, der 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag.

Tredje året – Vg3

På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2.  

Det er 35 timar undervisning i veka, der 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag.

Kanotur i solnedgang - Klikk for stort bilete