Innføringsklasse

Innføringsklasse er for ungdom og vaksne som manglar norskkunnskapar på eit nivå som gjer at dei kan gå i ordinær vidaregåande skule.

Du må ha gjennomført norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet ditt for å starte i innføringsklasse.

Kvifor velje innføringsklasse?

Du får

  • undervisning i faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving
  • 30 timar med undervisning i veka
  • låne datamaskin av skulen

Du må ha

  • vitnemål frå norsk grunnskule eller grunnopplæring i utlandet i minst ni år
  • gyldig opphaldstillatelse i Norge
  • adresse i Rogaland (registrert i Folkeregisteret)

Korleis søke om plass?

Søknadsfrister

Neste inntak til innføringstilbudet har søknadsfrist 1.mars. Rogaland fylkeskommune vil gjere deg oppmerksam på at frå skuleåret 2026/2027 vil innføringstilbudet kun ha to inntak med følgande søknadsfrister; 1. juni og 1. desember. 

Søk innføringsklassen

Du kan få meir informasjon og hjelp til å søke ved å ta kontakt med avdelingsleiar Kristin Bruknapp.

Søknadsfrist 1. mars gjeld søkarar som kjem til landet om vinteren (desember-februar) og kan få tilbud om skuleplass frå starten av mars og fram til sommaren (ca. tre månader), forutsett ledige plasser. Dersom søkarar i denne gruppa vil fortsette med innføringstilbud, må dei søke om år 2 på innføringstilbud innan 1. mai.  

Søknadsfrist 1.juni gjeld søkarar til neste skuleår. Det betyr at ungdom som søker innan 1. juni, kan få tilbud om skuleplass frå august. Denne fristen gjeld søkarar til år 1 og eventuelle søkarar til år 2. 

Søknadsfrist 1. desember gjeld andre søkarar som vil starte i innføringsklasse frå 2. semester. Oppstart for desse vil skje etter avtale med skulen, forutsett ledige plasser. Dersom søkarar i denne gruppa vil fortsette med innføringstilbud, må dei søke om år 2 på innføringstilbud innan 1.juni.

 

Retningslinjer for søking

Alle vedlegg skal bli lasta opp og bli sendt elektronisk saman med søknadsskjema.  Følgande dokumentasjon skal vere sendt inn: 

  • kopi av gyldig oppholdstillatelse for søkarar utanfor EU/EØS  

     eller

  • kopi av pass for EU/EØS-borgarar
  • folkeregistrert adresse i Rogaland (bekreftelse på påbegynt registreringsprosess) 
  • dokumentasjon på minst ni år grunnskoleopplæring, oversatt til norsk eller engelsk av autorisert oversetter. (Gjeld kun dei som ikkje er/blir skrive ut av norsk grunnskule). 
     

Søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige dokumenter er mottatt. Dersom søknad sendes innan fristen, men uten vedlagt dokumentasjon blir den registrert på venteliste til neste inntak. Skulen informerer søkaren om oppstart og oppmøteregler.  

Kor lenge kan du gå i innføringsklasse?

Du har rett til særskilt norskopplæring til du har nådd eit nivå som gjer at du kan følgje opplæringa i ordinære klassar. Dette står i Opplæringslova § 3-12.

Du kan gå i innføringsklasse i inntil to år.

Fire gonger i året er det kunnskapstestar. Når du er på nivå B1 (etter den europeiske språkstandarden) kan du søke om plass på eitt av utdanningstilboda i vidaregåande opplæring. Du kan og få tilbod om å hospitere på det utdanningsprogrammet du ønsker.

Kven får tilbod om innføringsklasse?

Tilbodet er for deg som har rett til utdanning i videregåande skule, og som har ein plan om å gjennomføre vidaregåande opplæring etter at du er ferdig med norskopplæringa. 

Elevar som ikkje skal ta vidaregåande skule må ta kontakt med vaksenopplæringssentreret i kommunen der dei bur. Bur du i Sauda vil det vere Sauda Vaksenopplæring, men bur du i Suldal vil det vere Introsenteret i Suldal.