Innføringsklasse

Innføringsklasse er for ungdom og vaksne som manglar norskkunnskapar på eit nivå som gjer at dei kan gå i ordinær vidaregåande skule.

Du må ha gjennomført norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet ditt for å starte i innføringsklasse.

Kvifor velje innføringsklasse?

Du får

  • undervisning i faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving
  • 30 timar med undervisning i veka
  • låne datamaskin av skulen

Du må ha

  • vitnemål frå norsk grunnskule eller grunnopplæring i utlandet i minst ni år
  • gyldig opphaldstillatelse i Norge
  • adresse i Rogaland (registrert i Folkeregisteret)

Korleis søke om plass?

Du søker om plass via eit nettskjema. Du bruker MinID eller BankID for å logge deg inn.

Søknadsfrista er 1. februar, men dersom det er ledig plass går det og an å søke og starte i løpet av skuleåret.

Søk innføringsklassen (du har fødsels- eller D-nummer)

Søk innføringsklassen (du har ikkje fødsels- eller D-nummer)

Du kan få meir informasjon og hjelp til å søke ved å ta kontakt med avdelingsleiar Kristin Bruknapp.

Dokumentasjon

Dersom du ikkje har lagt ved all dokumentasjon i søknaden, må du sende det inn etterpå – søknaden din vil ikkje verte behandla før du har gjort det.

Du sender inn informasjonen ved å nytte skjemaet for ettersending av dokumentasjon.

Då du søkte om plass skal du ha fått ein epost frå søkarportalen. Bruk referansenummeret du fekk i denne når du sender inn dokumentasjonen.

Hugs at du må få dokumenta stempla med «rett kopi» før du sender dei.

Kor lenge kan du gå i innføringsklasse?

Du har rett til særskilt norskopplæring til du har nådd eit nivå som gjer at du kan følgje opplæringa i ordinære klassar. Dette står i Opplæringslova § 3-12.

Du kan gå i innføringsklasse i inntil to år.

Fire gonger i året er det kunnskapstestar. Når du er på nivå B1 (etter den europeiske språkstandarden) kan du søke om plass på eitt av utdanningstilboda i vidaregåande opplæring. Du kan og få tilbod om å hospitere på det utdanningsprogrammet du ønsker.

Kven får tilbod om innføringsklasse?

Tilbodet er for deg som har rett til utdanning i videregåande skule, og som har ein plan om å gjennomføre vidaregåande opplæring etter at du er ferdig med norskopplæringa. 

Elevar som ikkje skal ta vidaregåande skule må ta kontakt med vaksenopplæringssentreret i kommunen der dei bur. Bur du i Sauda vil det vere Sauda Vaksenopplæring, men bur du i Suldal vil det vere Introsenteret i Suldal.

Til toppen