Påbygging til generell studiekompetanse

Ønsker du å studere vidare etter yrkesfagleg utdanning? Påbygging til generell studiekompetanse gjer det mogleg for deg å søke opptak til dei fleste studium ved universitet og høgskular. 

Du kan søke om påbygging til generell studiekompetanse (Vg4 påbygg) etter at du har fullført og bestått to år på yrkesfag, og har tatt fagbrev.

Påbygging til generell studiekompetanse er eit teoretisk skuleår og set krav til eigeninnsats. Det betyr at du bør ha evne og lyst til å arbeide med teoretiske fag.

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Skulen tilbyr Vg4 påbygg som nettfag. Sauda VGS har lærarar som er gode på fjernundervisning, då skulen har avdelingar på fleire lokasjonar.

Skulen tilbyr ikkje Vg3 påbygg.

Med unntak av ei oppstartssamling i Stavanger, og eksamenar, føregår all undervisning via nettet, så du treng ikkje å reise nokon stad for å delta på den. For faga matte og naturfag vil ein likevel ha nokre fagdagar i løpet av året der ein må møte fysisk.

For at det skal vere enkelt å ta faget samstundes med at ein er i jobb, føregår undervisninga i lita grad i sanntid. Det er lagt opp til «vekeoppdrag» i undervisninga, du får ei oversikt over læremål, lærestoff og læreoppdraget du skal utføre, og vel så sjølv når det passar å gjennomføre det, før du leverer løysinga di på slutten av vekeperioden.

Undervisninga i påbygg føl det vanlege skuleåret, og dei vanlege læreplanane og kompetansemåla. Elevar gir tilbakemelding om at faget kan vere tidvis travelt og fagleg krevjande, men ikkje meir enn forventa.

Du slepp å kjøpe skulebøker og programvare når du tar faget, det du må ha er ei datamaskin med webkamera, mikrofon og Internett-tilgang.

Påbygging til generell studiekompetanse - Vg4 påbygg

Dette tilbodet er for deg som har oppnådd yrkeskompetanse med eller utan fag- og svennebrev. Det betyr at du går på skule eit fjerde år for å få generell studiekompetanse.

Du må søke om å gå påbygging til generell studiekompetanse, og du søker i Vigo.

Søknadsfrist

  • 1. mars for ordinær søknad
  • 1. februar for særskild søknad 

Søknadsfrista er den same som for vidaregåande opplæring.