Sauda vidaregåande skule arbeider for eit inkluderande læringsmiljø fagleg og sosialt tilknytta skulen sitt fellesskap. Skulen sitt mål er å gi elevane likeverdige moglegheiter til læring og utvikling, uavhengig av føresetnadar.
Publisert 05.06.2024 10.01
Sist endra 05.06.2024 10.07
Individuelt tilrettelagt opplæring
Elevar som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring vil heilt eller delvis vere knytta til klasse, gruppe og verkstad eller annan praktisk arena. Hovudmålet med opplæringa er å gi ei individuelt tilrettelagt opplæring som fører til ein sluttkompetanse som kan nyttast i arbeids- og samfunnsliv.
Skulen sitt tilbod
Arbeidstrening – Spesialundervisning i lita gruppe