Kurs 1 i Arbeidsvarsling

Arbeidsvarsling kurs 1 gir grunnleggjande opplæring i tryggleik ved vegarbeid. Kurset er påkravd for alle som arbeider på eller ved veg, og kompetansebeviset er gyldig i 5 år. Deltakarane lærer om tryggleiksrutinar, risikovurdering og formelle prosedyrer som må følgjast før og under arbeidet.

Praktisk informasjon: 

Praktisk info arbeidsvarseling
EmneInforsmasjon
DatoTys. 1. juli 2025
StadSauda vgs, avd. Birkeland
Tidspunkt9:00 - 15:00
BevirtningKaffe/te
InstruktørLinda Gundersen
Pris1700 NOK

Kurset vert halde ved minimum 10 deltakarar. 

Målgruppe:

  • alle som jamnleg skal utføre arbeid på og nær veg. 

Kursinnhald:

  • Lover og reglar 
  • Personleg sikkerheit 
  • Ansvar for varsling og sikring 
  • Fysiske lover i trafikken 
  • Varsling 
  • Sikring 
  • Framkomst 
  • Føring av loggbok 
  • Avsluttande teoretisk prøve 

Viktig!

Kurset blir gjennomført med minst 10 påmeldte deltakarar! Kurset blir avlyst dersom det ikkje er nok påmeldte. 

Avmelding 2 verkedagar blir fakturert fullt! Det tyder at dersom du ikkje kan delta og melder deg av 2 eller færre dagar før kurset startar, må du betale for kurset.

Spørsmål og påmelding:

Påmelding

Send epost til Kristin Bruknapp Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller ring 951 24 899.

(Illustrasjonsbilete: John Kakuk on Unsplash)