Kurs i arbeidsvarsling

Det er to kurs i arbeidsvarsling som kan vere aktuelle; arbeid på og nær veg og manuell trafikkdirigering.

Kurs 1 arbeidsvarsling – arbeid på og nær veg (dokumentert opplæring)

Tidspunkt: Ikkje fastsett
Målgruppe: alle som jamnleg skal utføre arbeid på og nær veg

Innhald

  • Lovar og regler
  • Personleg sikkerheit
  • Ansvar for varsling og sikring
  • Fysiske lovar i trafikken
  • Varsling
  • Sikring
  • Framkomst
  • Føring av loggbok
  • Avsluttande teoretisk prøve

Kompetansebevis

Du får eit kompetansebevis som gjeld i fem år, og gir stadleg ansvarsrett ved arbeid på eller nær veg

Kurs 3 arbeidsvarsling – manuell trafikkdirigering (dokumentert opplæring)

Tidspunkt: Ikkje fastsett
Målgruppe: Alle arbeidstakarar som skal utføre manuell trafikkdirigering på riks- og fylkesvegar.

NB: Det er krav om gjennomgått og bestått prøve for kurs 1 eller 2, og førarkort klasse B.

Innhald

  • Lovar og regler
  • Personleg sikkerheit
  • Bremselengd og reaksjonstid
  • Teikngjeving og åtferd
  • Leiebil
  • Trafikkavvikling og kapasitet
  • Krav til varsling
  • Praktisk øving

Kompetansebevis

Du får eit kompetansebevis som gjeld i fem år.

Spørsmål/Interesse

Dersom du har spørsmål om eitt eller begge av kursa, eller ønsker å melde di interesse, ta kontakt med Kristin Bruknapp.

Til toppen