Truckførarkurs

Truckførarkurset er på 42 timar, med både teori og praksis.

Ein truck står klar til å løfte ein del treplater. Ein person står til venstre for trucken. - Klikk for stort bileteTruck Pickawood

 

Innhald

Kurset inneheld teoretisk og praktisk opplæring i sikker bruk av truck, samt maskina sin konstruksjon og verkemåte.

Det er 30 timar teori og 12 timar praksis. Teoriprøven/eksamen må vere bestått for å kunne fortsette på praktisk del.

Kurset består av fire modular:

  • Modul 1.1: Arbeidsmiljø, ansvar og konsekvensar (8 timar inkludert eksamen)
  • Modul 2.2: Løfte- og stablevogner for gods (14 timar inkludert eksamen)
    • Krav til førar, trucktypar og bruksområde
    • Konstruksjon, verkemåte, kontroll og rapportering
    • Stabilitet, godshandtering og lastediagram
    • Bruk, sikkerheit og ulukker
  • Modul 3.2: Grunnleggande praktisk opplæring (6 timar)
    • Funksjon, verkemåte, køyreteknikk og kontrollpunkt
    • Bruks- og arbeidsområde
    • Godshandtering og lastediagram
    • Bruk og sikkerheit
  • Modul 4.2: Praktisk køyreopplæring (14 timar inkludert praktisk prøve)

Praktisk

Tidspunkt: Dagtid
Stad: Avdeling Birkeland på Sauda vidaregåande skule
Instruktør: Jan Ove Guggedal

Påmelding

Kontakt Kristin Bruknapp for påmelding.

(Illustrasjonsbilete: PickawoodUnsplash)

Til toppen