Generell studiekompetanse gir moglegheit for opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular. Det er fleire vegar mot studiekompetanse og behovet til kvar enkelt vil variere både i fag og omfang.
For at dette skal vera mogleg ved sida av jobb og familie vil faga verte tilbydt som nett- og samlingsbaserte.
Skuleåret 2023/2024 vil skulane tilby desse studiekompetansefaga: norsk, matematikk, naturfag og historie.
Skulane planlegg å starte opp med ein tilsvarande runde for skuleåret 2024/2025.
Informasjon
Undervisninga vert gitt som nettundervisning via Microsoft Teams, med moglegheit for å sjå opptak i etterkant dersom tidspunktet ikkje passar.
I tillegg vert det halde 3–4 fysiske samlingar per semester. Samlingane vert halde ved Strand vgs (Tau) og Sauda vgs (Sand og Sauda). Då vert undervisninga gitt i klasserom over ein heil dag, kombinert med oppgåveløysing og vurderingssituasjonar.
Merk at nokre av samlingane er obligatoriske.
Metode
- Førelesningar
- Oppgåveløysing
- Gruppearbeid
- Presentasjonar
- Innleveringar
- Prøvar
Ta gjerne kontakt med Kristin Bruknapp – 951 24 899, kristin.bruknapp@skole.rogfk.no – om du vil ha meir informasjon eller er usikker på kva du treng for å få generell studiekompetanse.
Påmelding
Søk digitalt via www.vigo.no, velg «Videregående opplæring for voksne/Realkompetanse» og logg inn med MinID.
Etter at du har søkt vil du få tildelt ein rettleiar som finn ut kva fag du treng, og melder deg på dei faga du ønsker.
Dersom du allereie har fått innvilga vaksenrett, eller vil søke om resplass, ta kontakt direkte med oss.
Kontaktinformasjon
Kristin Bruknapp
951 24 899
kristin.bruknapp@skole.rogfk.no
Tala i tabellen under er antal skuletimar (på 45 minutt) per veke.
Merk at det kan komme endringar på kursplanen.
Tala i tabellen under er antal skuletimar (på 45 minutt) per veke.
Merk at det kan komme endringar på kursplanen.
Tala i tabellen under er antal skuletimar (på 45 minutt) per veke.
Merk at det kan komme endringar på kursplanen.
Fag mot generell studiekompetanse (GENS)
Påbyggsfag
Ta 4. påbyggsfaga
– for dei som har tatt Vg1 og Vg2 i et yrkesfaglig utdanningsprogram + lærling i bedrift (eller vg3 i skule)
- Historie (140 timar)
- Matematikk 2P-Y (140 timar)
- Naturfag (84 timar)
- Norsk (281 timar)
Ta studiekompetansefaga og få generell studiekompetanse etter 23/5-regelen
Les meir om denne ordninga på samordna opptak sine sider.
Studiekompetansefaga:
- Norsk (393 timar)
- Engelsk (140 timar)
- Samfunnsfag (84 timar)
- Historie (140 timar)
- Matematikk (224 timar)
- Naturfag (140 timar)