Endra eksamensrutine

Fylket har frå våren 2024 gjort endringar i rutina ved eksamen.

På grunn av ChatGPT og andre tekstgenererande KI-ar, har fylket gjort nokre endringar i rutinene for eksamensgjennomføring. Desse vil og gjelde for deg som tek eksamen ved Sauda vgs.

Stikkprøvar

Den viktigaste endringa er at skulen vil trekke ut tilfeldige elevar rett før eller etter eksamen, som må vise at dei ikkje har ulovlege hjelpemiddel installert på datamaskina si.

Å ha programvare som vert rekna som ulovlege hjelpemiddel installert under eksamen, vil verte rekna som juks.

Hugs at det er du sjølv som er ansvarleg for å ikkje ha ulovlege hjelpemiddel installert.

Du kan lese meir om rutinene for stikkprøvar, samt kva som vert rekna som ulovlege hjelpemiddel, på sidene til fylket.

Ta ein maskinsjekk før eksamen

I god tid før du skal opp til eksamen bør du ta ein kikk på maskina di, og passe på at du ikkje har, og eventuelt slettar, program som vert rekna som ulovlege hjelpemiddel. Dermed unngår du å hamne i ein kinkig situasjon når du kjem på eksamen.

Dersom du treng hjelp til dette kan du ta kontakt med IT på skulen.

Det er og andre ting du bør sjekke på maskina di før du skal opp til eksamen:

  • Pass på at batteriet varer lenge nok
  • Installer ventande oppdateringar til maskina – ventande oppdateringar kan gjere at ting ikkje vil fungere, eller at maskina plutseleg startar på nytt for å installere dei midt under eksamen
  • Sjekk at du har installert Office og eventuelle ordlister lokalt på maskina, og at dei fungerer som dei skal
  • Installer stavekontroll i nettlesaren for dei språka du skal ha eksamen i
  • Dersom du skal skrive på eit framandspråk, pass på at du veit korleis du kan skrive inn spesialteikn/-bokstavar for det språket – eventuelt installer eit skjermtastatur eller ta med eit fysisk tastatur for språket

Skal du skrive ut under eksamen må du og passe på at du har testa det ut på førehand, slik at du veit korleis det fungerer.

Du bør og ha sett opp ei brikke eller eit kort som du kan nytte til å logge deg på skrivaren utan å måtte skrive inn brukarnamn og passord kvar gong. 

For å sjekke om ting vil fungere under eksamen kan det vere ein ide å slå nettet av på maskina, og så prøve å gjere det du ville ha gjort under eksamen. Dersom alt fungerer då er du rimeleg sikker på at det kjem til å gjere det når nettet er stengt under eksamen.

På eksamensdagen

På sjølve eksamensdagen er det og eit par ting å hugse på

  • Hugs å ha med deg ladar til datamaskina di
  • Lagre filene dine lokalt på maskina, for eksempel i mappa for nedlastingar. Dersom du lagrar i ei mappe som ligg i skylagring (OneDrive, iCloud og liknande), risikerer du at Office sluttar å fungere når du skal lagre. Hugs at mappene for dokument, bilete og skrivebordet ofte ligg i skya
  • Lagre dokumentet ditt tidleg, og pass på at det vert lagra ofte. På den måten er det større sannsyn for at teksten kan reddast dersom noko skulle gå gale
  • Pass på at eventuelle utskrifter vert store og tydelege, slik at den som rettar oppgåva lett kan lese den