Gåve frå Sauda Mållag

Sauda Mållag overrekte 25. oktober 2021 ei gåve til Sauda vgs, eit klassesett med novellesamlinga «Vegar ut til alle kantar».

Den inneheld 14 noveller med tidsaktuelle tema og er skriven av forfattarar frå Rogaland, fleire frå Ryfylke. Det er og laga nettbaserte undervisningsopplegg til novellene.

Bård Lien, Mathias Hystad, Terje Fatland, Arnhild Hauge Aarhus og Even Andre Klungtveit står samla i kantina på Sauda vgs, og held ein kopi av «Vegar ut til alle kantar». - Klikk for stort bildeMållaget overrekker eit klassesett av «Vegar ut til alle kantar». Frå venstre: Bård Lien (rektor Sauda vgs), Mathias Hystad (elevrådsleiar Sauda vgs), Terje Fatland (leiar Sauda Mållag), Arnhild Hauge Aarhus (avdelingsleiar Sauda vgs) og Even André Klungtveit (fagleg leiar for norskfaget). Hans Hylen Solberg

Skulen er oppteken av å ha eit mest mogleg likeverdig tilbod innan begge målføre. Dessverre ser me litt for ofte at nynorsk ikkje har same prioritet som bokmål når læremateriell skal utviklast. Derfor er dette ei kjærkomen gåve som skulen set stort pris på.

Under overrekkinga i kantina på skulen fortalde Terje Fatland om bakgrunnen for prosjektet og prosessen som har leia fram til at skulane får klassesett med novellesamlinga som ei gåve. Skulen takka Sauda Mållag og deira samarbeidspartnarar for den flotte gåva.

Til toppen