Gjer deg klar til skulestart

Hugs å aktivere konto og gjere maskina di klar til skulestart – så slepp du å bruke tid på det når du kjem på skulen.

Brukarkonto

Før du kjem på skulen bør du aktivere brukarkontoen din – den treng du for å ha tilgang til alle IT-systema skulen nyttar.

Aktiver brukarkonto

Pass på å notere deg brukarnamnet og passordet ditt – du kjem til å trenge dei framover.

Office

Du bør og installere Microsoft Office, inkludert Teams og OneDrive på maskina di. Desse får du gratis av skulen så lenge du er elev.

Informasjon om korleis du installerer Office finn du på fylket sine nettsider.

For å logge på Office må nytte skule-eposten din – den er på forma «brukarnamn@elev.rogfk.no» – der «brukarnamn» er det brukarnamnet du fekk då du aktiverte brukarkontoen din.

Teams bør du og installere på mobilen din – då kan du raskt få oversikt over oppgåver og ting som må gjerast, og enkelt kommunisere med lærarar og medelevar.

Tofaktor/Authenticator

I tillegg må du installere appen Microsoft Authenticator på telefonen, og sette opp den. Dette er eit ekstra sikkerheitstiltak – utan denne vil du ikkje få logga på Office når du er heime.

Sett opp Authenticator/Tofaktorpålogging

(Illustrasjonsbilete: UnsplashUnsplash)