Kompetansepilotar i Ryfylke

Ryfylke IKS skal samen med næringslivet, Rogaland fylkeskommune, Sauda og Strand vidaregåande skular gjennomføre fem prosjekt innan kompetanseområdet i Ryfylke.

Formålet med kompetansepilotprosjektet er å identifisere behov for kompetanse i små og mellomstore bedrifter, mobilisere og leggje grunnlaget for å saman skape næringsklynger der motoren er skulane som regionale kompetansesentre.

Bakgrunnen for kompetansepilotar er at store delar av næringslivet i distrikta har utfordringar med å rekruttera arbeidskraft med rett kompetanse. Kompetansepilotar skal bidra til utvikling av modellar og metodar for å møte små og mellomstore bedrifter sine behov for kompetanseutviklande tiltak organisert lokalt i Distrikts-Norge.

Hovudmålet med ordninga er å identifisera og mobilisera bedriftene sine behov for kompetansehevande tilbod, og i tillegg leggje til rette for eit tilpassa etter- og vidareutdanningstilbod i lokalt. 

Kompetansepilotar er ei ny treårig søknadsbasert tilskotsordning finansiert over Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt budsjett. Tilskotsordninga er lagt til rette for alle fylkeskommunar, med unntak av Oslo. Kompetanse Noreg (KN) forvaltar ordninga og er fagleg rådgjevar.

«I Ryfylke har me svært mange små og mellomstore bedrifter. Dei er svært viktige for regionen vår og står for ei vesentleg del av verdiskapinga i Ryfylke. Ordninga vil vera med å styrkje bedriftene i Ryfylke», seier rådsordførar i Ryfylkerådet og ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland.

Ryfylke IKS skal i prosjektet gjennomføre fem aktivitetar, i samarbeid med mellom anna næringsklynga på Tau, Tau Autonomy Center AS (TAC). Samarbeid om utvikling av dronar og andre autonome løysningar (flygande dronar, undervassdronar og teknologi plassert på havbotn) er viktige verktøy i fleire industrimiljø både på land og til havs. Næringslivet i Ryfylke arbeider med å etablera eit geografisk område i Nordmarka på Tau som er sett av til test, trening og demonstrasjon av autonome løysningar både undersjøisk og i lufta.

«TAC skal nå gjennomføre ein studie samen med Ryfylke IKS og de regionale kompetansesentra i Sauda og Strand vidaregåande skular. I ei slik studie, der ein ser på kva som råd å få til, skal me kople saman bedrifter i Ryfylke og kartlegge sluttkundane sine behov og prognosar. Me skal også sjå på tilrettelegging av infrastruktur på Tau som inngang til fleire marknadssegment for bedrifter i Ryfylke», seier styreleiar i Tau Autonomy Center AS Leif Ove Voster.

Kompetansepilotar handlar om å identifisera, mobilisera og kople saman små og mellomstore bedrifter i Ryfylke. Næringslivet er avhengig av kompetanse for å forsterke posisjonar i eksisterande og nye produktmarknadar. For å støtte opp om grunnlaget og behovet for ei brei kompetanseheving til alle som bur i regionen, vil kravet vera eit bredt tverr-/fleirfagleg samarbeid og samvilje mellom ulike aktørar.

«Eg er glad for det tette samarbeidet mellom dei regionale kompetansesentrene, næringslivet, Rogaland fylkeskommune og våre kloke folkevalde», seier dagleg leiar i Ryfylke IKS, Øyvind Lundbakk.

Prosjektet, i form av fem aktivitetar, skal gå over tre år. Det totale budsjettet for dei fem aktivitetane er på totalt 6,4 millionar kroner.

Til toppen