
Saman med Rogaland fylkeskommune og kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand jobbar me for å gjera høgare utdanning meir tilgjengeleg der folk bur.
Gjennom Ryfylkemodellen utviklar me fleksible og skreddarsydde studietilbod i tett samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar. Målet er enkelt:
- meir kompetanse
- sterkare lokalsamfunn
- fleire moglegheiter for både unge og vaksne i Ryfylke
Me er klare til å vera ein motor for utvikling, læring og samarbeid i regionen – og me gler oss til å dele nyheiter, studietilbod og moglegheiter med dykk framover!
Meir informasjon: https://ryfylkeutdanningssenter.no/ eller følg oss på Facebook.
