Nytt administrasjonssystem

Frå skuleåret 2020-2021 vert det nye skuleadministrative systemet Visma InSchool (VIS) innført ved alle vidaregåande skular i Rogaland.

VIS vil verte tilgjengeleg for elevar og føresette ved skulestart.

Målet med VIS er å legge til rette for å møte skulen sine framtidige behov ved å

  • fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
  • legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
  • digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
  • gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på

VIS vart innført i Akershus i 2019 og vert teke i bruk i Viken, Rogaland og Innlandet i løpet av 2020. Systemet skal etter kvart verte innført i alle fylkeskommunar i landet, samt Oslo kommune. 

Tilgang for elevar

Ved skulestart får nye elevar ein SMS med informasjon om å aktivere sin brukar. Denne brukaren gir tilgang til ulike IKT-skuleressursar, inkludert VIS. Vg2- og Vg3-elevar nyttar same brukarkonto som dei i si tid fekk oppretta. Elevane nyttar Feide for å logge seg på.

Pålogging til VIS

(Pass på å bruke Google Chrome når du loggar deg på VIS)

Instruksjonsvideo for elevar

Tilgang for føresette

Føresette til elevar under 18 år vil få tilgang til kontaktopplysningar, fråvær, læreplanar og timeplan i VIS. Det vil komme informasjon når det vert mogleg å logge seg på.

Føresette må nytte ID-porten for å logge seg på VIS.

Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringa.

Visma InSchool (VIS) VIS i Rogaland

(Illustrasjonsbilete: Damir KopezhanovUnsplash)