Sauda Vgs nytt vaksenopplæringssenter

Kva kompetanse treng du og di bedrift i framtida? Kva kompetanse treng me i Ryfylke? Sauda Vgs er i starten av ei fireårig prøveordning som nytt vaksenopplæringssenter.

Me tar mål av oss til å verta eit kontaktpunkt som tilrettelegg for og tilbyr kompetanse i indre Ryfylke. Me vil at det skal vera mogleg å ta vidaregåande opplæring, kurs, sertifisering, fagskuleutdanning og høgare utdanning i kombinasjon med jobb og familie.

Kva kompetanse det er behov for framover, er det de som veit best. Me ønsker å halda fram det gode samarbeidet med arbeidslivet for å utvikla skulen som regionalt kompetansesenter. Ved tett oppfølging, skreddarsydde kurs og «ei dør inn» ønsker me å fjerna småsteinane som ligg i vegen for den opplæringa de som bedrifter har behov for.

Å bygga ny kompetanse er ei investering i framtida. Sauda og Suldal treng innflyttarar, men først og fremst må me utvikla kvalifikasjonane til dei som faktisk bur her. Victor Norman, som leia demografiutvalet, viser nettopp til styrken me har i dei innbyggarane som allereie bur i kommunen.

Statistikk viser at Sauda og Suldal har mange arbeidstakarar med god realkompetanse. Men i kommunane våre er det få faglærde og få personar med høgare utdanning samanlikna med byar og sentrale strok.

Me veit at det vert stor utskifting i den lokale og regionale arbeidsstokken det neste tiåret og at erfaring og viktig kompetanse er på veg ut. Me håpar at me i lag både kan ta vare på og bygge ny kompetanse, slik at Ryfylke vert ein konkurransedyktig region for framtida.

Har di bedrift, din institusjon behov for vidaregåande opplæring, vidareutdanning, kurs eller sertifisering av dei tilsette?

Ta kontakt så me kan finna skreddarsydde løysingar saman.

Meir informasjon om tilbod me har i dag finn de på heimesida til skulen og heimesida til MOR i Ryfylke.

(Illustrasjonsbilete: Jud MackrillUnsplash)