Skulen sertifisert som Miljøfyrtårn

Våren 2023 vart Sauda vidaregåande skule sertifisert som Miljøfyrtårn – det gjeld og avdelingane på Sand og Birkeland.

Ordførar Asbjørn Birkeland og rektor Bård Lien held oppe ein Miljøfyrtårn-plakat. Til venstre for desse står hovedverneombod og administrasjonsleiar, til høgre står driftsleiar og konstituert kommunalsjef næring og samfunn Roger Birkeland. - Klikk for stort bileteSauda vgs vert sertifisert som Miljøfyrtårn. På biletet ser du frå venstre hovedverneombod, administrasjonsleiar, rektor, Asbjørn Birkeland (Ordførar Sauda Kommune), driftsleiar og Roger Birkeland (konstituert kommunalsjef næring og samfunn). Lisa Jane Stornes

24. mai 2023 vart diplom og plakett overrekt til skulen av ordførar i Sauda kommune, Asbjørn Birkeland.

I prosessen med sertifiseringa har skulen saman med skuleeigar iverksett fleire miljøtiltak innan både energiforbruk, avfallssortering, transportutslepp og tilrettelegging for sykling. Skulen har og forplikta seg til kontinuerleg forbetringsarbeid innan miljø i framtida.

«Berekraftig utvikling» er eit tverrfagleg emne som skal inngå i alle fag der det er naturleg.

Skulen må ta sin del i kampen for ei berekraftig utvikling og er stolt av vere sertifisert som Miljøfyrtårn. Me har og eit viktig samfunnsoppdrag med å gi elevane opplæring i tråd med FN sine berekraftsmål.

Skulen vil takke alle elevar og tilsette som har bidratt i sertifiseringsprosessen.