Tofaktorautentisering for elevar

Frå 11. mars må du som elev nytte autentiserings-appen til Microsoft for å logge deg på Office heimanfrå.

Det betyr at du må installere Microsoft Authenticator-appen på telefonen din, og så nytte den til å godkjenne innlogginga di når du skal logge deg på.

Merk at dette kun vil gjelde når du er heime, ikkje på skulen.

Fylket gjer endringa for at du skal kunne vere sikker på at ingen uvedkommande loggar seg på din konto.

Sjå informasjonsvideoen for korleis du set opp appen

Dersom du treng hjelp til å sette opp appen, eller du ikkje har ein smarttelefon, kom innom IT for hjelp.

(Illustrasjonsbilete av Ed HardieUnsplash)