NAV

Tysdagar er NAV til stades på skulen, då kan du få hjelp med arbeidslivsrelaterte ting.

Tysdagar er Nils Kristen Herheim frå NAV Sauda og Suldal til stades på Lofthus. Hjå han kan du mellom anna få råd og hjelp med

  • jobbsøking
  • lage CV
  • kontakte andre hjelpeinstansar
  • økonomi
  • bustad

Du finn NAV i andre etasje – når du går opp trappa ved biblioteket tek du til venstre, deretter vert det første kontor til høgre.

Hugs at du og kan ta kontakt på telefon 412 81 329 eller epost nils.kristen.herheim@nav.no – eventuelt snakke med kontaktlærar, ei anna hjelpeteneste eller ein medelev om å formidle kontakt.

Skulen har og ein rådgivar for yrke og utdanning som kan hjelpe til med liknande spørsmål.

Til toppen