Yrkes- og utdanningsrådgivar

YoU-rådgivaren hjelper deg med nyttig informasjon, rettleiing og hjelp til å kunne velje framtidig yrke og utdanning.

Yrkes- og utdanningsrådgivinga har som mål å bevisstgjere og støtte elevane i val av yrke, samt å utvikle kvar enkelt elev sin kompetanse til å planlegge utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv. Rådgivinga kan vere både individuell og i gruppe, alt etter behov.

Du finn YoU-rådgivaren, Lillian Nordengen, på rom 225B. Du kan eventuelt ta kontakt på epost, eller på telefon 957 92 245. Sjå og Facebooksida til rådgivarane.

Retten til yrkes- og utdanningsrådgiving er mellom anna knytt til:

  • rådgiving og rettleiing i samband med val av utdanning og yrke
  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å orientere seg i informasjon og bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar

Yrkes- og utdanningsrådgivinga går føre seg i eit samarbeid mellom ulike personar (kontaktlærarar, faglærarar) og instansar på skulen, samt med eksterne aktørar som mellom anna ungdomsskular, skular på høgare utdanningsnivå og næringsliv.

Hugs at og NAV har kontortid på skulen, og kan hjelpe til med arbeidslivsrelaterte ting.