Elevbustad

På skulen sin elevbustad kan du bu sentralt og verte godt kjent med dine medelevar.

Du kan no søkje om elevhybel ved Campus Sauda for skuleåret 26/27.

Du finn elevbustaden i Torsveien 89, 4200 Sauda. Like ved finn du både Sauda Stadion, minigolf, andedam med uteområde og diverse dyr, samt tursti langs elva.

Inntaksvurderingar

Erfaringsmessig har det vist seg at det sosiale miljøet ved Campus er på sitt aller beste dersom det er variasjon i alder, kjønn og utdanningsprogram blant elevane.

Skulen gjer derfor inntaksvurderingar ut frå desse kriteria:

  • Det skal vere fleire av dei yngste enn dei eldste
  • Det skal vere så lik kjønnsbalanse som mogleg
  • Det skal vere variasjon i utdanningsprogram
  • Fulltidselevar blir prioriterte framfor delkurselevar

Ingen av kriteria er absolutte. Det er ei heilskapsvurdering av søkarmassen som blir avgjerande.