Skanning og kopiering

Du kan nytte skrivarane på skulen til å skanne og kopiere dokument

Etter at du har logga deg på ein skrivar kan du og skanne (til din epost eller ein minnepenn) eller kopiere. Du finn vala for begge deler i menyen som dukkar opp på skjermen etter pålogging.

Du kan legge enkeltark/bilete på skanneplata og skanne dei enkeltvis, men du kan og raskt skanne fleire ark (på begge sider) ved å nytte matebrettet på toppen av skrivaren – gitt at arka ikkje er festa saman, og er relativt heile.

Ta kontakt med IT om du treng hjelp.