Tilgang for føresette i Visma InSchool

Du som føresett får eigen tilgang til det skuleadministrative systemet Visma InSchool (VIS), for å sikre samarbeidet mellom heim og skule.

Korleis loggar eg inn?

Logg på VIS

For å komme inn på systemet må du logge deg på via ID-porten. Hugs at du må logge inn kvar gong du nyttar systemet. Det er hensynet til sikkerheita som er grunnen til det.

Elevar nyttar brukarnamn og passord dei har på skulen for å logge seg på VIS. Dei har og tilgang til å nytte ein eigen VIS-app, men denne er føreløpig ikkje tilgjengeleg for føresette.

Registrer dine kontaktopplysningar

VIS hentar namn og folkeregistrert adresse til eleven sine føresette med foreldreansvar frå Folkeregisteret. Eventuell e-postadresse og telefonnummer vert henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret for dei som ikkje har reservert seg.

Du kan og sjølv legge til e-postadresse og telefonnummer i VIS.

Det er viktig at dine og andre føresette sine kontaktopplysningar er registrert i VIS slik at de kan motta nødvendig informasjon frå skulen, mellom anna i samband med beredskap.

Me set pris på, og ber om at du legg inn opplysningane så raskt som mogleg.

Er du føresett til elevar som går på forskjellige skular? Då ber me deg om å registrere dine kontaktopplysninger på kvar enkelt skule.

Elevar over 18

Når eleven er over 18 år, må både eleven sjølv og føresette signere eit samtykke for at me skal kunne legge inn føresette og personopplysningar i systemet. Det vil gi føresette moglegheit til å logge seg inn i VIS, og opne for at skulen kan dele opplysningar om elev som er over 18 år med dei føresette.

Signert samtykke frå elev og føresett må verte levert til skulen. (Gjeld for elevar over 18 år.) Elevar kan levere dokumentet til kontaktlærar.

Kva får du tilgang til som føresett?

Føresette med foreldreansvar til elevar under 18 år får tilgang til:

  • Eigne kontaktopplysningar
  • Timeplan
  • Historikk (oppsummert fråvær, halvårs-, standpunkt- og eksamenskarakterar, samt om eleven har skifta skule eller avbrote utdanninga)
  • Læreplan

Føresette til elevar over 18 år får ikkje automatisk tilgang til informasjon i systemet. Dersom det er ønskeleg må det leverast inn eit samtykke frå både eleven og føresette, sjå avsnittet om tilgang når elevar er over 18 år.

Problem med å logge deg inn eller få tilgang?

VIS har støtte for siste versjon av nettlesarane Chrome, Safari, Microsoft Edge og Firefox. Byt nettlesar om du opplever problem med pålogging (gjerne Chrome, sidan testinga føregår i denne nettlesaren).  Dersom du framleis ikkje greier å logge deg inn, anbefaler me deg å ta kontakt med IT-avdelinga.

Korleis nyttar eg VIS?

Systemet er oversiktleg og greit å nytte, og skal vere enkelt for deg som føresett å finne fram. Sjå gjerne videoen som gir deg kort informasjon om korleis du nyttar systemet.

Sjå opplæringsvideo for tilsette

Sjå opplæringsvideoar for elevar

Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringa til fylket.

Sjå og produsenten sine sider for Visma InSchool (VIS).