Idrettsfag med Park- og frikøyring

Park- og frikøyring (POF) i Sauda er idrettsfag med toppidrett park- og frikjøring (ski eller snowboard), og gir generell studiekompetanse.

Utdanningsprogrammet skal være eit naturleg val for deg som har park- og frikøyring som hobby/idrett.

Du kan følge POF på Instagram og Facebook for å sjå korleis skuledagen er. Her kan du lese meir om tilbodet, trening, buforhold og lærarar.

Kvifor velje Idrettsfag med Park- og frikøyring?

Du får

  • generell studiekompetanse
  • lære om fysisk aktivitet, trening og treningsleiing
  • lære om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
  • årleg tur til Norsjø kabelpark på hausten
  • turar til Rush trampolinepark kvar haust
  • skisamlingar om vinteren
  • skikøyring i Sauda Skisenter i skuletida gjennom heile vintersesongen
  • trampoline, air-track, basistrening og bassengtrening
  • aktivitetslære med ulike idrettar
  • kompetente lærarar og trenarar

Du bør ha

  • interesse i park-/frikøyring på freeski eller snowboard
  • grunnleggande ferdigheiter på ski eller snowboard
  • interesse i helse og fysisk aktivitet
  • motivasjon for idrettsleg utvikling
  • motivasjon for å trene ofte, både i og utanom skuletida

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

I Sauda ligg forholda godt til rette for vintersport, med kort avstand frå skulen til Sauda skisenter. Utanom skisesongen finst det gode treningsfasiliteter med mellom anna:

 

Elevane seier følgande om Park- og frikøyringslinja:

  • Godt miljø, alle er velkomne uansett ferdigheit
  • Tilbod utanom det vanlege der me står på ski i skuletida
  • Lærer å utvikle oss på ski, alltid god stemning
  • God inkludering, tryggheit
  • Kjekke turar
  • God kontakt med lærarane
  • Bra kantine
  • Kjekke fritidstilbod ved skulen

Søke skuleplass

Første året  – Vg1

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk du ønsker.

Det er 35 timar undervisning i veka, der 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag.

Andre året – Vg2

På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1. 

Det er 35 timar undervisning i veka, der 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag.

Tredje året – Vg3

På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2.  

Det er 35 timar undervisning i veka, der 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag.