Yrkes- og studiekompetanse

«Utfordrande, lærerikt variert og allsidig – eit moderne og framtidsretta utdanningsløp.» YSK-elevar Vg4

Etter gjennomført fire-årig YSK-løp har du:

  • Fagbrev
  • Spesiell studiekompetanse med realfagsfordjuping
  • Inntil tre tilleggspoeng ved søking til høgskule og universitet
  • Kvalifikasjon for å søke studier med krav om realfag, for eksempel ingeniør

I tillegg til dobbel kvalifikasjon, har du og lært mykje om krav, reglar og rutinar i arbeidslivet.

Vekslingsmodell som organisering

Opplæringa er ei veksling veke for veke mellom praksis i bedrift og undervising på skulen.

Organisering YSK
År Dagar på skule Dagar i bedrift
1. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
2. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
3. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
4. år 2 dagar på skulen 3 dagar i bedrift

Skuledagane har variert innhald med yrkesfagteori og praksis i verkstad kombinert med studiespesialiserande fag. Vekslinga mellom teori og praksis gjer opplæringa motiverande og interessant. Ny lærdom og nye erfaringar kan umiddelbart prøvast ut.

Kven passar YSK for?

Kanskje passar det for deg?

Her får du eit inntrykk av teoriundervising i realfag:

Og yrkesfagundervising på verkstad:

Du kan og lese meir om YSK i reportasjen til Thomas Førde (PDF, 256 kB), som stod på trykk i Teknisk Ukeblad 1122, desember 2022.

Skule og arbeid i bedrift

YSK-elevane følger ikkje skuleferiane. men gjeldande ferieordningar i arbeidslivet.

Vi mener YSK modellen, som tilbyr en veksling mellom yrkes- og teorifag, er en god og viktig bidragsyter for å motivere til videre tekniske studier på høgskole- og universitetsnivå. Vi er også overbevist om at modellen bidrar til å utdanne bedre ingeniører ved at kandidatene gjennom YSK løpet får praktisk undervisning og arbeidserfaring. -Erik Aareskjold, HR Manager Eramet Norway Sauda

Bedriftene får lære opp og bli kjende med ungdommar dei vil satse vidare på i framtida. Dei stiller med instruktør som følger elevane.

Innslag om yrkes- og studiekompetanse sendt 17.01.2023 på NRK si distriktssending for Rogaland. Innslaget er laga av Thomas Halleland.

Sauda vidaregåande skule har eigen YSK-koordinator. Koordinatoren er bindeleddet mellom elev, bedrift og skule. Elevane blir følgde opp ved læreplassane for at dei skal få ein god inngang til arbeidslivet.

YSK er nå fast tilbod innan teknologi- og industrifag ved Sauda vidaregåande skule.

Læreplass og bustad

Yrkes- og studiekompetanse kan søkast av all ungdom i Rogaland uavhengig av bustadadresse. I samarbeid med opplæringskontor i sør- og nordfylket legg me opp til at elevar skal få læreplass nær heimstaden og pendle til undervising i Sauda.

Sauda vgs tilbyr og buplass ved elevbustaden til kr. 4400,- per månad. Her vil det vere tilsyn og oppfølging frå tilsette ved skulen. YSK-elevar vil få prioritet til hyblane ved elevbustaden. Søk så snart som råd.

Slik bur du:

 

Opptak

Kriterium:

  1. Karaktersnitt frå ungdomsskule høgare enn 4,5 og minimum 4 i matematikk og naturfag
  2. Læreplass i bedrift. Skulen og opplæringskontor hjelper deg med å finne det.

Korleis søke

Søk i Vigo før 1. mars. Før opp YSK som første ønske i søknaden din.

For at skulen og opplæringskontor skal kunne hjelpe til med å finne læreplass til deg, må du i tillegg fylle ut søknadsskjemaet.

Kom på besøk!

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon og for å kome til oss. Me inviterer interesserte søkarar og deira foreldre/føresette til å besøke skulen.

Kom for å sjå skulen og elevbustaden, men kanskje mest for å møte YSK-elevar, lærarar og YSK-koordinatoren.

Kontakt

Eirik Aasheim

YSK-koordinator

eirik.aasheim@skole.rogfk.no
941 79 964