Nett- og samlingsbaserte fag mot studiekompetanse

Sauda og Strand vaksenopplæringssenter tilbyr saman fag ein treng for å få generell studiekompetanse. Du kan ta eitt eller fleire fag om gongen.

Generell studiekompetanse gir moglegheit for opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular. Det er fleire vegar mot studiekompetanse og behovet til kvar enkelt vil variere både i fag og omfang.

For at dette skal vera mogleg ved sida av jobb og familie vil faga verte tilbydt som nett- og samlingsbaserte.

Skuleåret 2024/2025 vil skulane tilby desse studiekompetansefaga: norsk, matematikk, naturfag og historie.

Skulane planlegg å starte opp med ein tilsvarande runde for skuleåret 2025/2026.

Informasjon

Undervisninga vert gitt som nettundervisning via Microsoft Teams, med moglegheit for å sjå opptak i etterkant dersom tidspunktet ikkje passar.

I tillegg vert det halde 3–4 fysiske samlingar per semester. Samlingane vert halde ved Strand vgs (Tau) og Sauda vgs (Sand og Sauda). Då vert undervisninga gitt i klasserom over ein heil dag, kombinert med oppgåveløysing og vurderingssituasjonar.

Merk at nokre av samlingane er obligatoriske.

Metode

  • Førelesningar
  • Oppgåveløysing
  • Gruppearbeid
  • Presentasjonar
  • Innleveringar
  • Prøvar

Påmelding

Søk digitalt via www.vigo.no, velg «Videregående opplæring for voksne/Realkompetanse» og logg inn med MinID.

Etter at du har søkt vil du få tildelt ein rettleiar som finn ut kva fag du treng, og melder deg på dei faga du ønsker.

Dersom du allereie har fått innvilga vaksenrett, eller vil søke om resplass, ta kontakt direkte med oss.

Kontakt

Portrettbilete av Kristin Bruknapp - Klikk for stort bilete Jan Nordtveit

Kristin Bruknapp
kristin.bruknapp@skole.rogfk.no
951 24 899

Portrettbilete av Janne Eikevik - Klikk for stort bilete Jan Nordtveit

Janne Eikevik
janne.eikevik@skole.rogfk.no
971 51 982