Datamaskin hausten 2020

Elevar som skal byrje i Vg1 for første gong hausten 2020 kan nå bestille datamaskin gjennom fylkeskommunen.

Pass på å bestille i god tid slik at du får den til skulestart. Hugs og at tilbodet kun gjeld fram til 30. november 2020 – du kan ikkje nytte det seinare.

Skulen har eigne anbefalingar når det gjeld kva maskin du skal velge. Du kan mellom anna ikkje nytte Mac på ein del studieprogram.

Du kan lese meir om tilbodet på fylket sine sider.

(Illustrasjonsbilete: UnsplashUnsplash)

Til toppen