Elektro og datateknologi

Dette utdanningsprogrammet passer for deg som ønsker fagutdanning i eit av faga innafor elektro og datateknologi. Det kan vere for eksempel elektrikar, tavle-, signal eller heismontør, flymekanikar, automatikar eller kulde- og varmepumpemontør.

Kvifor velje elektro og datateknologi? 

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon

Du bør vere

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Les meir om elektro og datateknologi på vilbli.no

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Skulen har store nye klasserom, praksislokale og mykje nytt utstyr. Det er stort fokus på praksis i undervisninga.

På Vg2 tilbyr skulen programområdet Elenergi og ekom.

Søke skuleplass

Første året – Vg1 

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har og moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Andre året – Vg2

Du fortset opplæring innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Tredje året – Vg3

Du blir normalt lærling og forset opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan du ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har og moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.