Anbefaling maskinval ved Sauda VGS

Skulen har nokre anbefalingar for kva type maskin du som elev bør skaffe deg.

Datamaskiner med Windows eller Mac kan du bruke på nesten alle studieprogram.

Unntaket er elektro og datateknologi, der du kun kan nytte Windows. Det på grunn av programvarekompatibilitet. På Teknologi og industrifag, Bygg og anleggsteknikk og Yrkes- og studiekompetanse er det ønskeleg at du nyttar Windows.

Merk at Chromebook og nettbrett ikkje er støtta, då dette kan gi problem med prøvar/eksamenar og programvare du nyttar på skulen.
 
Dersom du kjøper datamaskin gjennom fylkeskommunen si PC-ordning anbefalar me at du vel å forsikre datamaskina når du kjøper den, sjølv om du eventuelt hadde fått dekka det gjennom ei anna forsikring.

Erfaringa er at elevmaskiner vert utsett for mykje – og reparasjon utan forsikring kan verte både dyrt og tidkrevjande. Forsikringa du kan kjøpe med maskina gjeld for tre år – i dei fleste tilfelle kjem reparatøren på døra dagen etterpå.

NB: Det er kun mogleg å velje forsikringa når du kjøper maskina – du kan ikkje bestille forsikringa på eit seinare tidspunkt.
 
Det er lurt å bestille maskin så tidleg som mogleg, så slepp du å vente på datamaskina når undervisninga er komme i gang til hausten.

Maskina bør ha HDMI-utgang (for å presentere skjermen din på ein projektor) og «vanleg» USB (USB-A, for å lagre filer på minnepenn og å presentere skjermen på ein projektor). Dersom den ikkje har det, som er tilfelle for ein del nyare modellar, bør du skaffe deg ein overgang/adapter som gjer at du kan kople til HDMI og USB-A.

Går du på teknologi- og industrifag, YSK eller bygg- og anleggsteknikk bør du dessutan skaffe deg ei datamus, for å lettare kunne lage 3D-teikningar på datamaskina.

Du må berre ta kontakt dersom det er noko du lurer på.