Datamaskin hausten 2024

Elevar som skal byrje i Vg1 for første gong hausten 2024 kan snart bestille datamaskin gjennom fylkeskommunen.

Det vil vere mogleg å bestille maskin frå ca. 10 juli.

Pass på å bestille i god tid slik at du får maskina til skulestart.

Hugs og at tilbodet kun gjeld fram til 30. november 2024 for Vg1-elevar – du kan ikkje nytte det seinare.

Før du bestiller bør du sjå på skulen sine maskinanbefalingar for å sjå at du faktisk kan nytte den maskina du har tenkt å kjøpe på den studieretninga du skal gå. 

Skulen anbefalar at du vel Windows uansett kva utdanningstilbod du skal gå på. På elektro og datateknologi nyttar du programvare som kun fungerer på Windows, så skal du gå der bør du kjøpe det.

Du kan lese meir om tilbodet og bestille på fylket sine sider om PC-ordninga.

(Illustrasjonsbilete: UnsplashUnsplash)