Sveisekurs

I april–mai vert det halde eit 30 timars kurs med grunnleggande verktøy- og sveiseopplæring.

Ein person iført sveisemaske og kjeledress sveisar eit stykke metall. Gnister og røyk kjem frå området der det vert sveisa. - Klikk for stort bileteSveising Christopher Burns

Kurset gir grunnleggande teoretisk og praktisk opplæring i elektrodesveising, røyrtrådsveising og sikker bruk av vinkelslipar. Kursbevis vert sendt til deltakarane i etterkant av kurset.

Målgruppe

Personar frå bedrifter og privatpersonar som ønsker grunnleggande opplæring og praktisk trening i ulike sveisemetodar og verktøy.

Føremål

Kurset skal gi deltakane ei grunnleggande innføring i ulike sveisemetodar og verktøy slik at dei kan vere ein ressurs i bedrifta. Deltakarane skal få auka kunnskap slik at dei vert meir bevisst på sikkerheitstiltak, for å unngå personskadar og ulykker på arbeidsplassen.

Kursinnhald

  • 5 timar HMS og sveiseteori
  • 10 timar elektrodesveising med mål om å oppnå kompetanse på 1 lag kilsveis a4
  • 12 timar røyrtrådsveising med mål om å oppnå kompetanse på 3 lag kilsveis a6
  • 3 timar sikker bruk av vinkelslipar

Praktisk informasjon

Sveisekurs
Overskrift Informasjon
Kursdagar Fredag 5., 12., 19. og 26. april, samt fredag 3. mai
Kurstidspunkt 08:15–14:00
Stad Sauda vidaregåande skule avd. Lofthus
Bevertning Kaffe/te
Instruktør Håvard Austerheim, Halvard Rød, Kjell Ove Fatnes
Pris kr 7000,- (ved åtte deltakarar)

Spørsmål og påmelding

Send epost til eller ring Kristin Bruknapp på Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899.

(Illustrasjonsbilete: Christopher BurnsUnsplash)