Universitetet i Stavanger (UiS) planlegg oppstart av distriktsvennleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke hausten 2026. Studiet er tilrettelagt for vaksne og folk i distrikta, med ei fleksibel og desentralisert studieløysing.
To studentar er godt i gang med studiene
Jan Nordtveit
Kva må du ha for å kvalifisere deg?
For å kunne søke opptak gjennom realkompetanse, treng du:
- Minst 5 års relevant praksis
- Fagkrava i norsk og matematikk
eller - Full generell studiekompetanse, eventuelt påbygg: norsk, matematikk, naturfag og historie
Usikker på kva fag du treng? Ta kontakt med opptakskontoret ved UiS.
Sauda vgs tilbyr fag som kvalifiserer deg
Frå hausten 2025 tilbyr Sauda vgs vaksenopplæring i følgande fag:
- Norsk
- Matematikk
- Naturfag
- Historie
Desse faga vert tilbydde som nett- og samlingsbasert opplæring, noko som gjer det mogleg å kombinere med jobb og familieliv. Du finn meir informasjon om vårt tilbod på sida om nett- og samlingsbaserte fag mot studiekompetanse.
Om det distriktsvennlege sjukepleiestudiet
Sjølv om UiS enno ikkje har lagt ut informasjon om 2026-kullet, kan du allereie no lese om det tidlegare kullet som starta i 2022. Studiet vil truleg bli lagt opp på liknande måte.
Er du interessert?
Send ein e-post til ein av våre kontaktpersonar, så tek me kontakt med deg etter sommarferien:
Janne Eikevik – janne.eikevik@skole.rogfk.no
Kristin Bruknapp – kristin.bruknapp@skole.rogfk.no
Dette kan vere første steg på vegen mot ein ny karriere – i og for Ryfylke.