Sosialpedagogisk rådgivar

Sosialpedagogisk rådgivar skal hjelpe deg med å finne deg til rette i vidaregåande opplæring. Det gjeld dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa di og dei sosiale forholda dine på skulen.

Portrettbilete av Lena Sjursen Haugland - Klikk for stort bileteSosialrådgivar Lena Sjursen Haugland

Du finn sosialrådgivaren, Lena Sjursen Haugland, på rom 227C på Lofthus. Du kan eventuelt ta kontakt på epost, eller på telefon 480 88 163.

Du kan sjølv ta kontakt med sosialrådgivar, eller læraren kan henvise deg.

Du må gjerne ta med ein ven eller ei veninne til samtalen dersom du synest det er tryggare.

Kontortid SOS-rådgivar

Kontortid SOS-rådgivar
Dag Tidspunkt
Måndag 08:00–12:45
Tysdag 08:00–09:55 og 13:35–15:30
Onsdag 08:00–10:45
Torsdag På avdeling Sand
Fredag Ved behov

Sosialpedagogisk rådgivingsteneste samarbeider mellom anna med kontaktlærar/faglærar, pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, skulehelsetenesta og barnevernstenesta.

Dersom tankane kretsar rundt ting som er vanskeleg, er du ikkje så mottakeleg for læring. Livet går i berg- og dalbane og i periodar kan det vere vanskeleg å konsentrera seg om skulearbeidet. I samtale med sosialrådgivar vil me prøve å finne ei løysing som både du og skulen kan leve med.

Dersom du slit med lærevanskar, kan du ha krav på tilrettelegging. Det er mogleg å søke om ekstra hjelp i enkelte fag og å søke tilrettelegging ved prøvar og eksamen. For å få dette, må du ha dokumentert at du har vanskar. Dokumentasjon kan vere legeerklæring og rapportar frå PPT. Du kan og søke om utvida tid på prøvar og eksamen dersom du har allergi. Skulen krev og då legeerklæring.