Du vil motta SMS når inntaket er klart:
- Første inntak: byrjinga av juli, svarfrist er 6 dagar seinare
- Andre inntak: midten av juli, svarfrist er 6 dagar seinare
Logg deg inn på Vigo for å finne ut kva tilbod du har fått og å svare på det.
Det er mogleg å legge inn svar på førehand frå 1. juni til 1. juli.
Du kan finne meir informasjon om inntaket på fylket sine nettsider, eventuelt kontakte Inntakskontoret i Rogaland Fylkeskommune på e-post inntak@rogfk.no eller telefon 51 51 69 00.
Det er inntaksavdelinga i Rogaland som har ansvaret for inntaket til skulen. Vi oppmodar difor elevar til å søkje gjennom VIGO innan fristen, slik at dei kjem med i det ordinære inntaket.
Vil du søkje skuleplass direkte til skulen, kan du søke om å få stå på skulen si eiga venteliste via linken. Dersom det framleis er ledige plasser etter at elevar som har krav på utdanning har vorte fordelt, vil ein gå gjennom lista og eventuelt tilby ledige plasser til søkarar som er kvalifisert.
Skal du søkje vaksenopplæring, bruker du ikkje dette søknadsskjema. Då tek du heller kontakt med rådgjevarar for vaksenopplæring, som du finn her.
Kontakt
Dersom du har spørsmål angåande inntak kan du kontakte avdelingsleiaren for den aktuelle studieretninga.
Har du spørsmål om ventelista kan du kontakte skulen.