Søke på skulen si venteliste

Dersom du i utgangspunktet ikkje har krav på å få ta vidaregåande utdanning, men likevel ønsker å ta det, kan du søke om å få stå på skulen si eiga venteliste.

Dersom det framleis er ledige plasser etter at elevar som har krav på utdanning har vorte fordelt, vil ein gå gjennom lista og eventuelt tilby ledige plasser til søkarar som har gode nok kvalifikasjonar.

Merk at det kan vere ein ide å søke skuleplass på vanleg måte (innan frista) sjølv om du i utgangspunktet ikkje har rett på skuleplass. Du vil då komme inn på skulen si venteliste, og ein får eit meir realistisk oversyn over antal søkarar.

Til toppen