[Sauda VGS
Ambulanse]
Eg synest det er veldig gøy med litt adrenalinkick – eg likar at det skjer ting heile tida og variert arbeid, og det er noko du får her i ambulansen vil eg tru.
Her inne i Sauda så har me masse flotte fjell og skulen er fantastisk. Og det beste med kanskje Sauda og skulen må jo vere… sjølvsagt vere dei flotte lærarane.
Ambulansefag det er jo eit år på skule og to år i lære, og etter eg har tatt fagbrev så ønsker eg å ta påbygg og så kanskje hoppe vidare på paramedisin, paramedic bachelor då.
Sauda er ein veldig fin plass, det er mange tilflyttarar, som gjer det enkelt å bli kjent med mange nye.
[Sauda VGS
Ambulanse]
Yrket
Det er spennande og givande å vere ambulansearbeidar. Yrket er variert og ingen arbeidsdagar er like. Over halvparten av oppdraga er rolege oppdrag kor det ikkje hastar. Andre oppdrag er krevjande, og det kan stå om liv. Som ambulansearbeidar møter ein derfor pasientar i mange forskjellige situasjonar, og dette stiller store krav til ambulansearbeidaren.
Det krevst både kompetanse og bestemte personlege eigenskaper for å kunne løyse dei ulike arbeidsoppgåvene i yrket. Evna til å kunne samarbeide er sentral. Ein må kunne vere eit medmenneske, og ein må vere sterk fysisk og psykisk. Ambulanseyrket er et krevjande og spennande yrke der ein utviklar seg fagleg gjennom heile yrkeskarriera.
Utdanninga
Du må ha gått Vg1 helse- og oppvekstfag eller tilsvarande for å kunne ta Vg2 ambulansefag.
Vg2 ambulansefag er eit lærerikt år der sentrale emne er anatomi, fysiologi og akuttmedisin. Det er mykje teori, men og praktisk undervisning og praksisperiodar. Då ambulanseyrket krev fysisk styrke og uthaldenheit, fokuserer utdanninga spesielt på faget kroppsøving.
Sauda vidaregåande skule samarbeider med Stavanger Universitetssjukehus og Helse Fonna. I løpet av Vg2 ambulansefag er det fleire periodar med arbeidspraksis i helseføretaka.
Helseføretaka tilbyr kvart år ein del læreplassar til elevar frå Sauda vgs, dersom søkarane til læreplassane er kvalifiserte.
Sauda vidaregåande skule har ein klasse med 15 studieplasser på Vg2 ambulansefag. Søkarar konkurrerer om plassane med utgangspunkt i karakterane frå Vg1 helse- og oppvekstfag. I 2022 hadde faget ei poenggrense på 53,8 – sjå sidene om karaktersnitt.
Du finn meir informasjon om utdanninga på vilbli.no.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
I tillegg til utdanning legg arbeidsgivarar og vekt på følgande ved tilsetjing:
- Fysisk styrke og uthaldenheit
- God psykisk helse
- Gode haldningar
- Samarbeidsevne
- Helsekrav til førarkort klasse D
- Vandelsattest
- Rusproblem (ikkje forenleg med yrket)
- Norsk språk munnleg og skriftleg
- Framandspråk
- Førarkort klasse B (klasse C1)
- Utrykningssertifikat