For å hjelpe deg med å finne ut kva du vil vidare etter Vg1, er det lagt opp til utplassering i praksis ein dag i veka store deler av året. Undervisninga ellers er variert, du får mellom anna prøve deg som forelder med ein «Real Care Baby» som du får låne med deg heim for å passe på.
På Vg2 tilbyr skulen programområda Ambulansefag, Barne- og ungdomsarbeidarfag og Helsearbeidarfag.
Som einaste skule i Rogaland tilbyr Sauda VGS Ambulansefag. Skulen samarbeider med Stavanger Universitetssjukehus og Helse Fonna, og i løpet av skuletida vil du få fleire periodar med praksis der. Helseføretaka tilbyr og nokre læreplassar til kvalifiserte elevar frå skulen.
Helsefagarbeidarfaget har lyse og store lokale. I rommet er det senger og utstyr som det som er å finne på institusjonar du kan komme til å arbeide på etter endt utdanning, så du får øvd deg på å arbeide med det.
I barne- og ungdomsarbeidarfaget lærer du å ta vare på og arbeide med barn og unge. Skulen har eit tett samarbeid med Brakamoen Barnehage SA, dei kommunale barnehagane og grunnskulen i Sauda, og du vil i løpet av utdanninga ha praksis der. Dette gjer at du får knytt saman teori og praksis på ein god måte.
Elevar steller ei dokke i ei seng. | Fotograf: Martha Zweedijk