Skulebygga

Sauda vidaregåande skule har tre bygg, to i Sauda og eitt på Sand. Det valde utdanningsprogrammet bestemmer kva bygg ein elev høyrer heime i.

Fasaden til avdeling Lofthus. Eit murbygg i to etasjar bak ei rekke tynne tre og ein sandvolleybane. - Klikk for stort bildeAvdeling Lofthus   

Lofthus

Lofthus er hovudavdelinga til skulen, og ligg i gåavstand frå Sauda sentrum.

Her finn du alle våre studietilbod, med unntak av Toppvolley og transportfaga. Byggfag har og deler av undervisninga på avdelinga på Sand.

Fasaden til avdeling Birkeland. Eit langt murbygg i liknande stil som ein flyhangar. - Klikk for stort bildeAvdeling Birkeland   

Avdeling Birkeland

Avdelinga finn du på Indre Birkeland i Sauda kommune, ca. 10 minutts køyring frå Sauda sentrum, rett ved fylkesveg 520.

Transportfaga høyrer heime her. Ein del av bygget er garasje/verkstad for køyretøy, og plassen utanfor vert og nytta til parkering av avdelinga sine køyretøy.

Flyfoto over avdeling Sand. Ein idrettsbane omringa av skulebygg, vegar og parkeringar. Bustadhus i periferien. - Klikk for stort bildeAvdeling Sand  

Avdeling Sand

På Eide på Sand i Suldal kommune, ligg avdeling Sand.

På avdeling Sand finn du Toppvolley Norge. Deler av undervisninga på byggfag føregår og her.

Sjølve skulebygget er det store gule bygget til venstre i biletet. Dei kvite husa framfor det er internat og lærarboligar.

Det kvite bygget til høgre framme i biletet er Suldalshallen, bygget til venstre (og kvitt) for den er Sandhallen som vert nytta av ToppVolley.

På grusbanen til høgre for skulebygget og ovanfor friidrettsbanen finn du i dag Suldal Bad.

Til toppen