Har du eit mål om volleyballferdigheiter på internasjonalt juniornivå, kan du kombinere trening og undervisning ved Sauda VGS.
Publisert11.12.2019 11.15
Sist endret05.11.2020 08.37
Kvifor velje ToppVolley?
Du får
- trening av profesjonelle trenarar
- vidaregåande utdanning
- bu på internat med medelevar
- fasiliteter i gangavstand, inkludert innandørs sandvolleyhall
Du bør
- vere interessert i volleyball
- ha eit ønske om ferdigheiter på internasjonalt juniornivå
Dette er eit unikt landsdekkande tilbod, og er å finne på vår avdeling Sand.
Høyrest det spennande ut kan du sjekke Facebooksidene til Toppvolley Norge.
Heimesida til ToppVolley Norge
Programfag
På Vg2 og Vg3 kan du velge dei same programfaga som dei som går på studiespesialisering. Du finn ei oversikt over dei tilgjengelege faga på vilbli-sida til skulen. I tillegg til faga som er lista opp der, har du og moglegheit til å ta ein del fag som nettfag.